Om tråvlaget

Voss Tråvlag vart skipa 1878, og er eit av dei eldste tråvlaga i landet. Laget har som føremål å organisera alle tråvinteresserte i området, og fremja hesten og tråvet som kulturberarar i lokalsamfunnnet.


Laget er gjennom Vestenfjeldske Travforbund medlem i Det Norske Travselskap (DNT).


Styret for 2023 består av:


Hallgeir Løno (leiar), Bjørn Nord Stalheim, Hallvard Løno, Renate Solberg og Johannes Midthun. I tillegg til denne heimesida vert det jamnleg posta informasjon på tråvlaget si facebook side.


Ynskjer du verta medlem i laget, finn du eit innmeldingsskjema her.


For kontakt ellers, epost til: styret@vosstravlag.no


Eit av dei viktigaste arbeidsområda for Voss Tråvlag er å utvikla hestesportsenteret på Nedre Kyte.